STARTSIDE
KURSINFO
• GAMLE MALETEKNIKKER
• LANDSKAPSMALERI
• ANIMASJONSFILM
PHOTOSHOP
• AKTMALERI
• FRESCOSYMPOSIUM
LOKALITETER
KONTAKT
PÅMELDING
Norsk
English
KURS I PHOTOSHOP: 05.08 - 08.08
test
Kurset er skreddarsydd for dei med stor begeistring for foto og bilete. Kurset vil gi rikt utbytte både for dei med inga erfaring med Photoshop, men som har brukt foto i datamaskina, og dei som har brei profesjonell erfaring med foto som medium og som ønsker djupare innsikt i fotobehandlingsprogram. Det er ein føresetnad at deltakaren generelt er fortruleg med den heilt vanlege bruk av datamaskina.

PHOTOSHOP OG HÅVARD KRØVEL-VELLE
Håvard Krøvel-Velle arbeider på program for Medium og kommunikasjon ved Volda vidaregåande skule. Han har jobba med dei fleste produksjonsområde innan mediefaget, med spisskompetanse innan web og multimedia og Adobe-pakken. Kurshaldar har undervist på Volda vgs i ca. 7 år, og har også halde ulike kurs på både høgskule og folkehøgskule. I tillegg tek han ein del oppdrag ved sidan av jobben, hovudsakleg websideproduksjonar, multimedieproduksjonar og trykksaker. Største fritidsinteressene er film og musikk.