STARTSIDE
KURSINFO
• GAMLE MALETEKNIKKER
• LANDSKAPSMALERI
• ANIMASJONSFILM
PHOTOSHOP
• AKTMALERI
• FRESCOSYMPOSIUM
LOKALITETER
KONTAKT
PÅMELDING
Norsk
English
test
Kurset starter med det heilt grunnleggjande i Photoshop
Du bruker dine eigne foto, lærer å beskjere dei og å regulere fargetonar, og prøver ut dei fantastiske/imponerande retusjverktøya i Photoshop til perfeksjonering og manipulering av bileta.
Du får lære å bruke Photoshop sine mest aktuelle filter og effekter, og bruk av lag.
I tillegg ser vi litt heilskapleg på heile Adobe-pakken og kva som er likt og ulikt i dei mest sentrale Adobeprogramma (hovudsakleg Illustrator og InDesign). De lærer også korleis ein importerer bilete frå ulike medium (frå digitalkamera, minnepenn o.l.), korleis flytte element mellom ulike dokument, og korleis ein kan lagre, brenne og distribuere filene til ulike føremål.

Utover dette stiller kurshaldar seg disponibel til å gå gjennom fleire aktuelle sider ved Photoshop, både enkle og avanserte.
Vi vil også fokusere på kva som finst av ressursar (både på Internett, i bøker og innebygde hjelpefunksjonar i programmet), og korleis de kan nytte desse ressursane til vidare utforsking av programmet.

Dersom de har spesielle ynskje til kva kurshaldar skal gå gjennom, så send gjerne kurshaldar tips på e-post k4@volda.vgs.no.

PHOTOSHOP OG HÅVARD KRØVEL-VELLE
Håvard Krøvel-Velle arbeider på program for Medium og kommunikasjon ved Volda vidaregåande skule. Han har jobba med dei fleste produksjonsområde innan mediefaget, med spisskompetanse innan web og multimedia og Adobe-pakken. Kurshaldar har undervist på Volda vgs i ca. 7 år, og har også halde ulike kurs på både høgskule og folkehøgskule. I tillegg tek han ein del oppdrag ved sidan av jobben, hovudsakleg websideproduksjonar, multimedieproduksjonar og trykksaker. Største fritidsinteressene er film og musikk.